Livet er mangfoldig, men totalt meningsløst
— HAUK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Jan Bøhler går hardt ut mot at regjeringa ikkje planlegg å redde Ullevål sjukehus:
Sp tapte kampsaka si
HelseMartin Årseth
SKUFFA: Jan Bøhler (Sp) har lenge kjempa for å redde Ullevål sjukehus. Han vart ikkje høyrt på Hurdal og kom ikkje inn på Stortinget, men kjempar vidare.
Då regjeringspartia Arbeidarpartiet og Senterpartiet la fram regjeringsplattforma, gjorde dei det klart at Senterpartiet måtte gje tapt på eitt viktig punkt: Regjeringa vil ikkje redde Ullevål sjukehus. Dei vil i staden halde fram med planane om å byggje nye sjukehus på Gaustad og Aker.