Solid handverk, men litt vaklande etikk.
(Danmark/ Finland, 2019)
Regi og manus: Marie Grahtø.
Med: Lisa Carlehed, Victoria Carmen Sonne, Trine Dyrholm.
Lengde: 1 t. 27 min.
Vist på: Kino.
Det danske regitalentet Marie Grahtø er blant Nordens mest stilistisk særmerkte og tematisk konsistente filmskaparar. To novellefilmar om pubertetsjenter og psykisk helse er vidareutvikla til tv-serien «Noia» (2020) og spelefilmdebuten «Psykosia». Sistnemnde skildrar eit samanbrot innanfrå, i tradisjonen frå, og med referansar til, Ingmar Bergman. Grahtø er likevel tru mot sitt eige, estetisk orienterte prosjekt, der arkitekturen ved St. Hans Hospitals Museum i Roskilde skapar eit rom for tidlaus smerte, blant anna forårsaka av undertrykt, kvinneleg seksualitet.