Kunstig intelligens er betre enn ingen.
(Ich bin dein Mensch, Tyskland, 2021)
Regi: Maria Schrader.
Manus: Jan Schomburg, Maria Schrader og Emma Braslavsky (novelle).
Med: Maren Eggert, Dan Stevens.
Lengd: 1 t. 48 min.
Vist på: Kino.
Underhaldningsfilm har alltid oppmoda kvinner til å jakta på Mr. Right. Romantiske filmar har også lært oss at lista over spesifikasjonar som idealmannen (òg -kvinna) må innfri, er så krevjande at det ikkje er til å undrast over at både satiriske og dystopiske filmar rett og slett har bygd ein perfekt modell. I Susan Seidelmans kjønnsrollekritiske robotkomedie «Den perfekte mann» (1987) er humanoiden Ulysses utvikla for einsam utforsking av verdsrommet og ein tru kopi av sin skapar, ein kjenslekald vitskapsmann. Men i møte med kvinna som skal læra Ulysses å sjarmera sponsorar, utviklar den lærenæme maskinen eit emosjonelt register som opphavsmannen aldri har hatt tilgang til. Ein forelska Ulysses blir den inderlege og oppmerksame partnaren PR-kvinna alltid har drøymt om. Det er vitskapsmannen som til slutt gladeleg reiser ut i Kosmos.