Du kan bla til neste sideBla med piltastene

SSB vil utvikla ein overordna arealrekneskap:

Vil prisa åverk

TIL EIN PRIS: SSB meiner prissetting av miljøøydelegging er viktig i eit samfunnsøkonomisk reknestykke. Her er det skog på Kjølberget i Våler kommune som må vika for ein veg til vindkraftutbygging. FOTO: MARIA GOSSÈ Maria GossÈ

VERDI: Statistisk sentralbyrå (SSB) vil prissetta miljøøydeleggingar. Det vil gi naturen ein heilt ny status i arealbruken i Noreg.

– Me ser at naturen i Noreg blir bygd ned over tid, og at det ikkje nødvendigvis er ein systematisk tanke som sikrar heilskapen, seier forskingsdirektør i Statistisk sentralbyrå (SSB) Linda Nøstbakken.