Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Energipolitikken står i vegen for ein ny, raudgrøn kurs.

Akilleshælen

Noreg får ikkje ei raudgrøn regjering, og det er lov å vera skuffa over det. Samtidig er brotet i samtalane mellom Ap, Sp og SV ei nyttig realitetsorientering: Ja visst var tida inne for ein reelt ny kurs, etter åtte mørke, blå år og fleire tiår der maktforholda steg for steg er flytta vekk frå demokratiske rom og over til lukka styrerom. Men partitoppane i Ap og Sp var ikkje klare for det.