Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Filosofisk: Hanne Bramness flettar saman tid og rom på vanebrytande vis.

Tida opnar seg

SNØFALL: Hanne Bramness reflekterer fram stadar der fortida kjem til syne. FOTO: THOMAS KOLBEIN BJØRK OLSEN

Eit menneske studerer objekt i ei verd som står stille. Dette er den klassiske, poetiske situasjonen. Men gjennom dei seinare diktsamlingane sine har Hanne Bramness utvikla eit heilt ut originalt blikk på verda, der tida rett og slett opnar seg. Ho reflekterer fram stader i verda der fortid og/eller framtid kjem til syne. Og gjennom desse fullstendig vanebrytande samanflettingane av tid og rom, som nådde sitt foreløpige høgdepunkt i prosalyrikksamlinga «Håp bygger huset» for tre år sidan, har Bramness tatt plass blant dei mest spennande, etablerte lyrikarane me har.