Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Færre pasientar i rehabilitering

HELSE: Nær 41.800 pasientar fekk rehabilitering i spesialisthelsetenesta i fjor. Det er 9200 færre enn året før. Talet svarer til ein reduksjon på 18 prosent. Det har over tid vore ein nedgang i talet på rehabiliteringspasientar i spesialisthelsetenesta, men nedgangen var betydeleg sterkare frå 2019 til 2020 enn tidlegare år, ifølgje ein ny rapport frå Helsedirektoratet. Den sterke nedgangen må sjåast i samanheng med koronapandemien og periodar med nedstenging eller redusert kapasitet. Ifølgje Helsedirektoratet vart talet redusert i alle helseregionane. Størst nedgang var det i Helse nord, medan Helse sør-aust hadde minst nedgang.©NPK