TOGET GÅR: Neste veke kan regjeringa opna for endå meir konkurranse på jernbanen, sjølv om det nye Stortinget er mot. – Umusikalsk, seier Ap og SV.
Fredag om ei veke stiller norske diplomatar i EØS-komiteen. På agendaen står norsk innlemming av direktivet for eit felles europeisk jernbaneområde og rettsaktene som utgjer den fjerde jernbanepakka.