Du kan bla til neste sideBla med piltastene

I 2021 er «Dune» hylla inn i ekstremvêr og fylt med åtvaring mot religiøse ørkenvisjonar.

Sand-seiar

SAND OG SANNING: Paul Atreides (Timothée Chalamet) er den problematiske og tankefulle helten i «Dune», her saman med mora, mentoren og prestinna Lady Jessica (Rebecca Ferguson). FOTO: SF NORGE Chia Bella James

Flott ideunivers, men tyngd under Hollywoods eigen stjernehimmel.

(USA, 2020)

Regi: Denis Villeneuve.

Manus: Denis Villeneuve, Jon Spaihts og Eric Roth etter Frank Herberts roman.

Med: Timothée Chalamet, Rebecca Ferguson, Zendaya, Oscar Isaac, Josh Brolin, Chen Chang, Stellan Skarsgård, Dave Bautista, Jason Momoa, Javier Bardem, Sharon Duncan-Brewster.

Lengde: 2 t. 35 min.

Frank Herberts messianskesciencefictionklassikar «Dune» frå 1965 er sentrert rundt profetien om ein viss Kwisatz Haderach – ein i dobbel tyding visjonær frigjeringsleiar med gudelike evner til å sjå både inn framtida og inn i andre sinn.