Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Usentral

  • Erna Solberg (H) har ført dei mest desentraliserte regjeringsforhandlingane i moderne norsk historie. Etter dei fire borgarlege partia sonderte i veg i Nydalen, tok ho med seg Framstegspartiet ut til Sundvollen for å meisle ut ei regjeringsplattform. Eg hadde ikkje høyrt om Sundvollen før 22. juli 2011, så Solberg fekk både støtta eit hotell som sleit med negativ merksemd, og reist ut av Oslo og Akershus for å forhandle, 43 kilometer frå Oslo sentralbanestasjon. Den neste plattforma forhandla dei fram i Moss, 63 kilometer frå Oslo S. Den siste plattforma er frå Granavollen, 70 kilometer unna Oslo S.