Du kan bla til neste sideBla med piltastene

I åtte år har Erna Solberg (H) vore betre på makt enn høgrepolitikk, ifølgje borgarlege stemmer:

Har skuffa sine eigne

HØGRE: Erna Solberg (H) har styrt Noreg basert på eit borgarleg fleirtal i åtte år, men politikken har ikkje vore utprega blå, meiner fleire. Her går ho og tidlegare Frp-leiar Siv Jensen til pressekonferanse i 2013. FOTO: ERLEND AAS, NTB Erlend Aas

DOMEN: Ein statsråd, ein spindoktor, ein professor, ein kulturpessimist og to sjefredaktørar feller dom over åtte år med Erna Solberg.

Ein regntung haustkveld i 2018 gjekk halvliterane ned på høgkant blant Høgre-rådgjevarane på utestaden Lorry i Oslo. Nervane stod i spenn. KrF skulle gjere sitt retningsval og bestemme seg for om dei ville samarbeide med høgresida eller venstresida.