«Med åra stivna partia i politisk idétørke om reformer som kan styrkje bruken av nynorsk og gjere nynorsk til eit fullverdig samfunnsberande språk på linje med bokmål.» Dette skreiv Ottar Grepstad i Klassekampen 1. september i et innlegg om språkpolitikken i dei norske partiprogramma. Han meiner altso at partipolitiske programpostar kan hjelpa nynorsken til å verta «eit fullverdig samfunnsberande språk». Er det ikkje heller kva målfolket sjølv gjer med språket sitt, som fyrst og fremst tel for ei slik målsetjing? Grepstad har sjølv sagt i Dag og Tid at «målet for normeringa av nynorsken ikkje var språket, men brukarane»! Difor har ein laga ei norm med sideformer som skal matcha alle variantar av talemål påverka av bokmålet.