DEI NESTE: Barn mellom 12 og 15 år skal tilbydast éin dose koronavaksine. Innkallinga kan starte så snart kommunane har kapasitet.
Folkehelseinstituttet har brukt sommaren på å vurdere om barn og unge skal tilbydast koronavaksine. Dei har tilrådd regjeringa å tilby årskulla i ungdomsskulen fødd mellom 2006 og 2008 éin vaksinedose i første omgang, og dessutan alle frå årskull 2009 så snart dei har fylt 12 år.