Eit tiltaleskrift som knapt tør tilføya ein forsonande epilog.
(Bosnia-Hercegovina, 2020)
Regi og manus: Jasmila Žbanic, etter Hasan Nuhanovics bok «Under the UN Flag».
Med: Jasna Djuricic, Raymond Thiry, Emir Hadzihafizbegovic, Jovan Zivanovic.
Lengde: 1 t. 41 min.
Vist på: Kino.
For bosniske kvinner tok krigen i det splintra Jugoslavia aldri slutt. Massevaldtektene dei opplevde saman med mødrer, søstrer og døtrer, og massakrane på fedrar, brør, ektemenn og søner har uunngåeleg følgt dei overlevande som høgst aktuelle realitetar heilt til i dag.