Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Bjørn felt i Narjordet

SKUTT: Ein bjørn vart onsdag morgon felt i Narjordet i Os kommune, lengst nord i Innlandet. Det vart innvilga skadefelling på bjørnen av statsforvaltarane i Trøndelag og Innlandet etter fleire dagar der den har gjort skade i Røros og Os kommunar, skriv Arbeidets Rett. Måndag skreiv dei om at fleire bønder opplevde bjørneangrep på sau i området.©NPK