Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Empatiøving til filosofiprofessoren

Arild Pedersen har innvendingar (26. august) til artikkelen min «Israels sakrale teflonferniss» (24. august). Han irriterer seg visst over at eg fekk to sider til disposisjon om emnet. Noko av det beste med denne avisa er nett at den gir rom for såpass lange artiklar. Likevel måtte eg skjere vekk ca. 20 prosent av den opphavlege tekstmengda for å kome under limiten, ei forkorting som truleg sparte Pedersen for fleire historiske innsikter å gremme seg over. Redaksjonen har innvilga meg eit stutt svar.