Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Michel Francos fargesterke skildring av eit komande sosialt opprør i Mexico, er politisk svart.

Fåfengd revolt

INN I MARERITTET: Marianne (Naián González Norvind) forlèt sitt eige bryllaup for å hjelpa ein gammal tenar og kollega av David (Fernando Cuautle), men ho er for seint ute. FOTO: TOUR DE FORCE

Ein dyktig filmskapar blir for grunn når han gjer striden for rettferd til ei rad paradoks.

(Nuevo Orden, Frankrike/Mexico, 2020)

Regi og manus: Michel Franco.

Med: Naián González Norvind, Diego Boneta, Mónica Del Carmen, Fernando Cuautle, Darío Yazbek, Eligio Meléndez.

Lengde: 1 t. 26 min.

Vist på: Kino.

Lovnader om ein «ny orden» inneber ofte det stikk motsette, nemleg velkjent maktbruk og tvang. Slik er det også i Michel Francos «Nuevo Orden», eller «New Order», som han heiter i norsk distribusjon.