Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Partia Raudt, SV og MDG er samde om mykje og historisk sterke på målingane:

Skal presse Ap og Sp

PÅ GRØNT BEITE FOR STEMMESANKING: På Klassekampens initiativ samla Une Bastholm (MDG, i midten), Bjørnar Moxnes (Raudt, t.h.) og Audun Lysbakken (SV) seg til eit fellesintervju under Arendalsuka. Dei er klare på at oppturen til partia må gje gevinst for veljarane deira etter valet. Hanne Marie Lenth Solbø

TRE PARTIKAMERATAR: Det radikale trekløveret Raudt, SV og MDG har aldri stått sterkare enn i dag. Partileiarane er samde om at dette skiftet må få politiske konsekvensar etter valet.

På dei siste meiningsmålingane ligg landets tre mest radikale politiske parti på ein samla oppslutnad rundt tjue prosent. Det er historisk høgt – og gjer at dei er betydeleg større enn Senterpartiet og jamstore med Høgre.