Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Koppen

  • Det er noko med det å sjå ut togvindauget og spesielt når toget svingar og ein sit bak og ser heile toget framfor seg krengje seg gjennom landskapet. Det er sjelefred. Ein dag eg sat slik, såg eg brått eit tre i skjenegangen som toget køyrde rett i og knuste. Bitane av treet vart kasta opp i lufta, og eine biten reiv med seg mykje av køyreleidningane. Det såg relativt dramatisk ut med alle gnistane, men ein får jo ikkje gjort så mykje som passasjer, så det er ikkje vits i kave seg opp heller.