Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Overlessa: Ruset og Mans elegi til ofra for 22. juli-terroren kunne ha blitt ein vellukka poetisk minnelund, viss dei hadde luka i beda.

Der ville metaforar gror

ILLUSTRASJON: FRÅ «DERETTER», ENDRE RUSET OG HARRY MAN (FLAMME FORLAG, 2021) Ida Kristine Hansen
Dikt

Endre Ruset og Harry Man

Deretter

Dikt

Flamme forlag 2021, 216 sider

Det er eit godt grep dei har funne, poetane Endre Ruset og britiske Harry Man, når dei i diktsamlinga «Deretter», som krinsar rundt ofra for terrorangrepa den 22. juli 2011, har forma dikta som ansikt. Berre dette typografiske oppsettet i seg sjølv er nok til at blikket mitt stoppar opp på sida, og blir der, i konturane av pannelugg, skjortekrage, munn og kinn. Eg les på leppene, og det formar seg setningar. I bokstavauga finn eg små glimt av liv: Popkornrestar. Joggesko. Den dagen du døde. Det er som å kome fram til ein stille minnelund ein stad ute ved havet, eller kanskje heller Tyrifjorden, der arbeidet med å setje opp minnesmerke for terrorofra snart skal starte. Men heller enn identiske bronsesøyler består minnesmerket Ruset og Man har laga av ansikt og ord, som rett nok liknar kvarandre, men som også vitnar om særtrekka til dei 77 menneska som vart drepne den julidagen for ti år sidan.