Du kan bla til neste sideBla med piltastene

FpU får stadig færre medlemmer

KRYMPAR: Sidan 2010 har medlemstalet til Fremskrittpartiets Ungdom (FpU) vorte halvert. Dei fleste andre ungdomsparti har òg mista medlemmer i same periode. I 2010 hadde FpU 1978 aktive medlemmer under 26 år, mot 855 i fjor, skriv NRK. FpU-formann Andreas Brännström opplever ikkje at engasjementet har minka. – Samtidig har regjeringsengasjementet naturlegvis kosta, både på oppslutning, men også på medlemstal, seier han. KrFU, Sosialistisk Ungdom, Unge Høgre og Unge Venstre har alle opplevd medlemsnedgang i varierande grad. Senterpartiungdommen og Raud Ungdom er dei einaste med ei auking frå 2010 til 2020. ©NPK