Sveisestøv og tokomponentsmåling vil for meg alltid vere lukta av sumaren 1995. Den våren, sumaren og hausten brukte eg alle ledige timane mine på det lokale skipsverftet i Brattvågen på Sunnmøre. Som sjauarar nedst på rangstigen var me ein gjeng ungdomar som konkurrerte om å vere fyrstemann til å tene sitt fyrste pensjonspoeng og til å måle den beinaste stripa av den grøne dekksmålinga.
Statusen til eit yrke er uløyseleg knytt til ei løn å leve av.