FOLK-TIL-FISK: Med hjemmelaget fiskefelle forsøker beboerne langs Karpelva i Sør-Varanger å bli kvitt pukkellaksen.
Russisk invasjon i norske elver:
ØKONOMI: Momsen på sjømat må fjernast dersom forbrukarane skal ete meir fisk, meiner bransjeorganisasjonen Sjømatbedriftene. – Politikarane har gjort ei rekkje tiltak gjennom åra for å auke forbruket av fisk. Problemet er at dei aldri nemner det sterkaste tiltaket for å endre vanar, nemleg pris, seier administrerande direktør Robert Eriksson i Sjømatbedriftene. Han viser mellom anna til ein intensjonsavtale regjeringa inngjekk med daglegvarebransjen og næringsorganisasjonar i 2017, og som vart forlengt i vår. Blant måla i avtalen er at inntaket av sunne matvarer som grønsaker, frukt og sjømat skal aukast med 20 prosent innan utgangen av 2021.©NPK