Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Det er berre det overnaturlege som kan skape ei utømmeleg kjelde.

Sareptas krukke

UBODEN GJEST: Bernardo Strozzis «Profeten Elia og enkja i Sarepta» (1630-åra).ILL.: WIKIMEDIA

Uttrykka «Sareptas krukke» og «Pandoras eske» kling på overflata som synonym for meg; begge høyrest ut som noko åttitalsmønstra keramikkete eller storskjortete afrikansk dansemusikk, og det trass i at eg veit at «Sareptas krukke» er ein metafor for «utømmeleg kjelde». Det har eg nok også trudd om «Pandoras eske». Og det stemmer for så vidt, men Pandoras øskje er ikkje det same som Sareptas krukke. Pandora er ein skikkelse frå gresk mytologi, og namnet betyr «alles gåve». Men øskja ho hadde, var eigentleg ei krukke, og når den blei opna, blei det spreidd ulukke.