I bladet Handikapnytt kunne ein lesa at ein finn ulikskap mellom tildeling av BPA-timar mellom kvinner og menn. Sakshandsamarar tildeler fleire timar til menn enn kvinner. Kan det vera tradisjonelle kjønnsmønster som snik seg inn også her? Er det ei skjult forventning at kvinner skal rydda, vaska hus og vera mor meir på eige hand? Stemmer i artikkelen meiner at kvinner må vera flinke til å krevja sin rett og ikkje kjenne seg utilstrekkelege. Eige «bøllekurs for kvinner vert foreslege. Fokuset på akutte behov vert ofte vektlagt når ein sakshandsamar skal dele ut timar. Morsrolle, yrkeskvinna og det sosiale livet vert ofte ikkje vektlagt like høgt. Er menn meir overbevisande enn kvinner? Eg trur det må liggja strukturelle tankemønster bak.
Ei rettferdig BPA-ordning for alle
Brukarstyrt assistanse