Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Å skru av brannalarmen sløkker ikkje brannen.

Dei uunnverlege

For niande gong har eg sleppt elevane frå meg og ut til sommarferie, jobb, Forsvaret, studium eller kva dei no skal driva med. Endå ein gong forsvinn mange av dei menneska eg har vore tettast på, ut av livet mitt. For niande gong har eg deltatt på sommaravslutning med kollegaer i skulen. Mange av dei møter eg snart igjen. Andre blir borte for meg.