SMØRJING: Pengegåvene strøymer inn i valkampmaskineriet til Høgre og Arbeidarpartiet. Eigarane av eigedomskonsernet Aspelin Ramm opnar pengepungen for Høgre.
Med under hundre dagar att til stortingsvalet og fleire svarte målingar for regjeringspartia, peiker pilene oppover for valkampbudsjettet til statsminister Erna Solberg og Høgre.