Sensualitet er meir enn sex – òg for tenåringar.
(Hoje Eu Quero Voltar Sozinho, Brasil, 2014)
Regi og manus: Daniel Ribeiro.
Med: Ghilherme Lobo, Fabio Audi, Tess Amorim.
Lengde: 1 t 36 min.
Vist på: Kino.
Filmen er synstolka
Tysdag vedtok det ungarske parlamentet ei lov som forbyr skoleundervisning og offentleg publisitet om seksuelle minoritetar. Medan LGBT-grupper har vorte meir synlege både i global populærkultur og i offentlege rom lokalt – blant anna gjennom Pride – er menneskerettane deira truga av lovgjeving og åtak frå ymse høgreorienterte statsleiarar.