Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Me til venstre må ta styringa.

Folk er ikkje pyser

La oss tenkje oss at partia på venstresida hadde sagt då covid-19-viruset nådde Norge i mars i fjor, at dette er me dei beste til å ordne opp i. Me vanlege folk gjer det som må gjerast, stengjer grensene så lenge det må til, har minst mogeleg omgang med folk utanfor nærmiljøet og byggjer ut test- og sjukehuskapasiteten, og me skal gjere dette slik at dei svake blir ramma så lite som råd. Kampen – folkekrigen mot pandemien – vil koste, blod, sveitte og tårer for å seie det med Churchill, men dette er hovudoppgåva så lenge kampen står på.