(Noreg, 2021)
Dokumentar
Regi og manus: Emil Trier.
Med: Med Waleed Ahmed, Trond Giske.
Lengde: 1 t. 36 min.
Vist på: Kino frå 11. juni.
For godt til å vera sant er munnhellet det er lett å gløyma når ein treng det som mest. Kor uimotståeleg må det ikkje ha vore for Ungt entreprenørskap, kronprinsparets humanitære fond og den norske næringsministeren då ein talefør minoritetsungdom i 2011 feide inn i det offentlege Noreg med ein sjølvutvikla solcelleladar til Iphone. Gründeren Waleed Ahmed hadde eit produkt som var nyttig, miljøvenleg og som lett kunne bli ein kommersiell suksess, slo Innovasjon Norge fast, då 18-årigen fekk etablerarstipend. «Dette var noko vi visste at vi sjølv trengde. Da vart vi litt for lite kritiske», erkjenner dåverande næringsminister Trond Giske til dokumentarfilmskapar Emil Trier i «Stol på meg».