Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Frp vil setje tak på eigedomsskatt

ØKONOMI: Framstegspartiet krev ei maksgrense i kroner og øre for kor mykje som kan krevjast i eigedomsskatt. – Vi held fram arbeidet for å trappe ned eigedomsskatten for folk flest, seier Frps kommunalpolitiske talsperson Helge André Njåstad. Frps forslag er at eit slikt tak kan liggje på 3000 kroner i året per hytte eller husstand. Men Njåstad vil ikkje låse seg til summen og seier nivået må greiast ut nærare. – Det er det vi krev, at ein opprettar eit tak for å oppnå intensjonen om at skatten går ned, seier han. Bakteppet er ei sterk bekymring for det Njåstad kallar «kreative» metodar i kommunane for å omgå kutt i eigedomsskatten.©NPK