Raymond Queneau
Stiløvingar
Prosa
Omsatt av Ragnar Hovland
Minuskel forlag 2021, 118 sider
«Problemet er at du har skrive slik du trur ein roman skal vere», sa ein skrivelærar ein gong til meg. Det tok tid å forstå den innvendinga. Viss ein vil skrive roman så skriv ein jo slik ein trur romanar er? Eg sette sjangeren på hovudet som ein stor hatt, som romma ei viss mengde stilar og verkemiddel.