Gruveselskapa er fienden, men filmen grev òg etter lett forteneste.
(Ainbo: Spirit of the Amazon, Nederland / Peru, 2021)
Regi: Richard Claus, Jose Zelada.
Manus: Richard Claus, Brian Cleveland, Jason Cleveland, Larry Wilson, Jose Zelada.
Norske røyster: Marie Molvær, Mads Henning Skar-Jørgensen, Stig Henrik Hoff, Hedda Grjotheim, Marit S. Berg, Dennis Storhøi, Sarah McDonald Berge, Even Løken Bergan, Ida Lind, Preben Olram, Anders Bye, Scott Maurstad.
Blir også lasert i samisk versjon
Aldersgrense: 6 år.
Lengde: 1 t. 24 min.
Vist på: Opne kinoar.
Urfolk blir med ujamne mellomrom interessant for den kommersielle filmbransjen i USA og Europa, som ei kjelde til «nye» filmforteljingar og -miljø. Tematisk har slike filmar vore gjennom ei historisk utvikling frå sensasjonslysten eksotisme, via antikolonialistiske motiv, til ei nyvekt interesse for jordas truga kultur- og naturmangfald. Den siste kategorien femnar også barnefilmen «Ainbo – Amazonas’ vokter», som ublygt marknadsfører seg med referansar til Disneys «Vaiana» og «Frost», og som blir distribuert på norske kinoar med både norsk og samisk versjon. Diverre når ikkje den peruansk-nederlandske produksjonen opp til Disneys nivå i teknisk eller kunstnarisk animasjonsbriljanse. Meir leit er det likevel at filmskaparane har lært å kopiera dei mest generiske karakter- og historiesjablongane frå Hollywood. Det er berre å sjå Disneys siste, «Raya og den siste dragen» (2021).