Myten Narkissos
Kaja Schjerven Mollerin er ein fin formidlar av litteratur og kultur, og viser det igjen i Bokmagasinet den 8. mai, der ho omtalar den nye boka til Lena Lindgren: Ekko. Et essay om algoritmar og begjær. Denne boka bruker den antikke myten om Narkissos og Ekko for å få fram korleis digitale medium skaper einsemd og fortaping: Den eine forsvinn inn i seg sjølv, den andre går i oppløysing i dei andre. Slik går det òg til i den eldste versjonen av denne forteljinga, som står i den to tusen år gamle Forvandlingar av den romerske diktaren Ovid. Men når Mollerin så vel som Lindgren gjev Narkissos skulda for å ha øydelagt Ekko, legg dei inn ein stereotypi om mannleg makt og kvinneleg avmakt som ikkje finst hos Ovid.
I Forvandlingar er Narkissos eller Narcissus ein grenselaust tiltrekkjande sekstenåring som ikkje vil ha sex verken med jenter eller gutar. Det skaper stor frustrasjon i ungdomsmiljøet, særleg hos Ekko, som legg altfor mykje i det vesle grannet av interesse han viser for henne. Når ho kjem farande ut or skogen og slår armane kring han, ber han henne dra seg vekk og det brennfort. Men andre har det like ille, og ein ulukkeleg mannleg beilar nedkallar endåtil himmelens forbanning over han: «Lat han få elska som meg og like så fåfengt!»
Forbanninga blir effektuert ved at Narkissos forelskar seg i sitt eige spegelbilete, visnar bort og gjenoppstår sterkt redusert som ei lita lilje. Den framfusne Ekko lever vidare som stemme utan kropp, som gjenlyden i berget, ein repetisjon av det andre har sagt.
Overført til vår tid er ho ei av dei som har svelgt løgna om at den medfødde kvinnelege empatien gjer at ho alltid veit kva andre menneske føler. Derfor kan ho fritt kasta seg over den ho vil ha. Det kan nok iblant vera ein god strategi, men slett ikkje alltid. Narkissos reagerer med fullstendig tilbaketrekking og altfor tidleg død.