Du kan bla til neste sideBla med piltastene

75 prosent melde om biverknader

VAKSINE: I alt 28,7 prosent seier at dei opplevde biverknader etter første dose med Pfizer-vaksinen. Heile 75,7 prosent Astrazeneca-vaksinerte seier det same i ei undersøking Folkehelseinstituttet (FHI) har gjennomført med 7000 vaksinerte, der 2799 hadde fått Pfizer-vaksinen, og 4437 hadde fått Astrazenecas. Etter andre dose av Pfizer, steig delen som rapporterte biverknader til om lag 50 prosent. Biverknadene gjekk på smerter ved stikkstad, feber, utslett, slappheit, influensakjensle, svimmelheit og svime, symptom frå mage og tarm, smerter, allergiske og nevrologiske hendingar og blødingar, ifølge FHI i ei pressemelding. ©NPK