Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Gjer mindre lekser

SKULE: Sidan 2015 har delen som bruker meir enn éin time på lekser dagleg gått ned med nesten 10 prosentpoeng. Framleis gjer jentene klart mest skulearbeid heime. Men også her går delen tydeleg ned, viser ein ny rapport frå Utdanningsdirektoratet. I 2015, som var eit toppår, brukte 61 prosent av jenter på ungdomsskulen minst ein time på lekser. I 2018 var talet 48.©NPK