Ein helsedokumentar som gjer både vaksineskepsis og politikarhat meir forståeleg.
(USA, 2021)
Regi og manus: Alex Gibney
Med: Lenny Bernstein, Roy Bosley, Alec Burlakoff, Patrick Radden Keefe, Anna Lembke, Joe Rannazzisi, Mark Ross
Lengde: 2 x 2 t.
Dokumentar vist på: HBO Nordic, premiere 11. mai
Denne veka starta ei rettssak mot to amerikanske farmasiselskap i West Virginia, ein av statane som er hardast råka av den såkalla opioidepidemien i USA. «Såkalla» fordi uhelsa er skapt av ein industri så utøymd, og med eit så korrupt grep om både legar, helsestyresmakter og politikarar, at USAs mest profilerte dokumentarist Alex Gibney kan jamføra næringa med mexicanske narkokartell.