Sist helg fekk «Nomadland» Oscar for årets beste film. Prisen er ei påminning om at jamvel den mest eskapistiske delen av filmindustrien er vâr for store, sosiale samfunnsskifte. «Nomadland» er basert på Jessica Bruders reportasjebok «Nomadland: Surviving America in the Twenty-First Century» (2017). Journalisten studerte ei av dei lange etterdønningane frå finanskrisa i 2008. Ho reiste rundt i USA og møtte eldre, ofte einslege arbeidstakarar som hadde mista jobb og pensjon som følgje av pyramidespelet på Wall Street, og som ikkje greidde å halda på heimane sine lenger.