Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Hamsun og hatet

Ståle Dingstad gir i sitt svar (28. april) til kritikken av boka si, eit misvisande bilete både av Hamsuns antisemittisme og (indirekte) av hans nazisme. Jødespørsmålet var ikkje det viktigaste politiske spørsmålet for Hamsun, og haldninga hans til jødane kan ikkje reduserast til berre negative og «uforanderlige» eigenskapar. Han tildelte dei samtidig like uforanderleg positive eigenskapar, som å stå høgt intellektuelt og kunstnarisk, ikkje minst «vidunderlig» musikalske. Likevel var han, som Dingstad korrekt har peikt på, redd for blodblanding med «den eksklusivt hvite race». (Antisemittisme er ikkje alltid hat! Det er ein tenkemåte.) Kunne han ha sagt noko så flatterande om dei gruppene han verkeleg hata, engelskmennene eller dei moderne industriarbeidarane? Hamsun ville at jødane skulle få sitt eige heimland, mens han ville tvinge engelskmennene i kne ein gong for alle og eliminere proletarane, som er like rotlause som jødane, men ein ulydig underrase, og som i maskinalderen er overflødige, og derfor parasittar.