Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kvifor heiter frontpartiet mot sentralisering nett Senterpartiet?

Kjakeslepp

Senterpartiet fremja for ei tid sidan sak mot partiet Sentrum; dei meinte det nye partiet ikkje burde få halda på namnet, det ligg for nær Senterpartiet. Såg ikkje Vedum & co komedien? Senterpartiet skulle ha gripe sjansen og – heilt friviljug – sett i gang ein prosess med å endra sitt partinamn. Frontpartiet mot sentralisering (og visst heiar eg på dei!), kan jo ikkje heita dét. Det er sensasjon at dei ikkje for lenge sidan har teke tak. På femtitalet bestemte partiet å byta ut det yrkesbaserte Bondepartiet. Etter noko krangel landa dei i 1959 på å apa etter namnet på sitt svenske broderparti. Ikkje alle kompromiss toler historias gang.

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.