«En stund igjen til full åpning.» Stod det i hovudstadsavisa 8. april. Ingen mistolka det. Hadde dette stått 8. april 2019, ville heller ingen ha mistolka. Ei storhending var snart i gang! Uforlikeleg illustrasjon på at språket har rimeleg konstant (logisk) innhald, men at meininga, ordbruken, kan skifta på ufatteleg kort tid. Kva er ‘nett’ og ‘brannmur’ no? Og seiemåtane ‘lagra på ei sky’, ‘dekk-hotell’ og – ikkje minst – ‘digitale møte i sanntid’? Nonsens ved tusenårsskiftet, god meining i 2021.
Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.