Du kan bla til neste sideBla med piltastene

HEKTA

Spelte seg ut av rusen

SIGER: Det tek på å spele fotball fem dagar i veka. Kim Thure Devik speler for gatelaga til Brann og Frelsesarmeen og lever eit rusfritt liv etter mange år med amfetamin og kriminalitet. Klassekampen

Etter 20 år med rus slutta Kim Thure Devik tvert. No er det fotballkarrieren det handlar om for keeperen som er blind på det eine auget.

Eg vart lurt bort på ein fest, og der skulda dei meg for å stele 3,5 gram amfetamin som dei hadde brukt sjølv. Det vart litt fram og tilbake, ein del skuldingar, og så var det ein som skulle ha ein telefon. Eg hadde ein telefon heime, og etter litt om og men fekk eg gå heim for å hente han.