Det eine innfallet tar det andre og bles vekk fikenbladet av substansiell tematikk.
(Ooops! The Adventure Continues, Irland / Luxembourg 2020)
Regi: Toby Genkel, Sean McCormack.
Manus: Richie Conroy, Mark Hodkinson.
Norske røyster: Anders Bye, Silje Hagrim Dahl, Felix Fagerhaug, Henrik Horge, Katrine Blomstrand, Marit S. Berg, Savannah Schei, Preben Olram, Simen Sand.
Aldersgrense: Tillaten for alle.
Lengde: 1 t. 22 min.
Vist på: Opne kinoar.
Det gamle testamentet vart i 2015 brukt som eit springbrett for den vidløftige handlinga i «Ups! Hvor er Arken?». Det animerte eventyret fortalde ei alternativ historie, der Noa var borte og rovdyr og byttedyr var på sjølvstyr. I sentrum for handlinga fann ein to fiktive skapningar, som var utelukka frå det gode selskap: Finny (eit planteetande «rededyr») og Leah (ein kjøtetande «grymp») måtte slå seg saman for å få lurt seg om bord i Arken og unngå syndfloda. Samarbeidet gav – både dei og foreldra deira – ein særleg posisjon som kokkar på skuta. Til skilnad frå dei andre dyrepara, så kom ikkje Finny og Leah saman med ein make. Finny vart følgt av faren Dave og Leah av mora Hazel.