Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Film

Level up

Q-riøst: Stormen i den digitale Bürgerbräukjellaren blåste opp til storm på Capitol. Kven starta stormen og kvifor?

Trump er deres president. Men hvem er deres profet? FOTO: SAUL LOEB, AFP/NTB SAUL LOEB

Blant dei mest symbolladde bilda frå storminga av den amerikanske kongressen 6. januar var det av ein halvnaken, heiltatovert mann med pels og horn på hovudet, som sette seg triumferande i senatsstolen til Mike Pence. Jake Angeli ville stukke seg ut i ein kvar mengde, men no drog han verdas merksemd mot bodskapen på plakaten han bar med seg: «Q sende meg». I løpet av drygt fire år – og med akselererande fart under pandemien – har konspirasjonsteorien Q-anon gått frå eksotisk internetthobby, via Alt-right-media og Trumps Twitter-konto, til å bli ein religiøs psykose med reelle, politiske konsekvensar i USA. To kongressrepresentantar er valt på eit Q-anon-program, og 6. januar, då senatet skulle godkjenna presidentvalet, var mange overtydde om at tida var inne for «stormen», realiseringa av Qs spådomar om oppgjeret med den pedofile kabalen som styrar verda. Dagen då alle, det vera seg sosialistar eller svikarar, som stod i vegen for frelsaren Donald Trump, skulle fjernast eller drepast.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?