Monologen «Best før» har mange artige poeng om aldring, men det er lite nytt.
Turnéteateret i Trøndelag, Smia, Leksvik
Av: Rickard Fuchs og Krister Classon.
Omsett og tilarbeidd av Tore B. Granås
Regi: Nora Evensen
Scenografi og kostymedesign: Berit Haltvik With
Lysdesign: Simen Høy Aasheim
Med: Tore B. Granås
Tore (Tore B. Granås) var 45 år i går, feira dagen med nokre få venner, og i dag har han tatt seg fri for å kome seg. Slik var det ikkje før då han kunne gå rett frå fest og på arbeid, og attpåtil greie eit par timar fotballtrening på slutten av dagen. Alderen gjer sitt.