Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Me treng ein beredskap for verdas fattigjævlar.

Mat og medisin

Det starta 7. januar 1693. I sju månader strøymde vulkansk oske frå vulkanen Hekla på Island opp i øvre luftlag. Mørke oskeskyer vart liggjande, og kulde og hardvintrar følgde med svolt og naud. Vulkanutbrotet er den sannsynlege forklaringa på massesvolten i Finland frå 1695 til 1697, då mellom tredelen og firedelen av innbyggjarane (110–135.000) døydde, i Skottland der minst ti prosent (100.000) enda sine dagar, og i Frankrike der truleg fem prosent (over ein million) miste livet. Britane med lovfest og fungerande fattigomsorg kom betre frå det. Difor er vulkanutbrotet også ei hovudårsak til at Skottland i 1707 kom i union med og under England.