Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Heim: Annie Ernaux’ bøker om opphavet hentar fram det kollektive i individuelle minne.

Mors og fars historie

SAMANKNYTT: Annie Ernaux’ romanar har armar som grip inn i kvarandre tematisk og utvidar kvalitetane. FOTO: CLAIRE DELFINO/GETTY IMAGES Claire Delfino/Paris Match

Denne teksten byrjar på toget: Toget går tidleg frå hovudstaden, men er ikkje framme ved endestasjonen før langt på dag. Der går vi av og stig over på ein buss, bussen køyrer eit par timar til, til ein annan buss, som skal ta oss det siste stykket heim – om då ikkje far min kjem køyrande og hentar oss, ein ferjetur og fem-seks mil frå heime. Og det gjer han sjølvsagt: Han står og ventar når vi kjem, tek imot oss med varme armar og eit kraftig smil.