Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Forsvarar utbetalingar til Angola

OLJE: Equinor står fast på at utbetalingar til Angola var lovlege. Dei to tidlegare konsernsjefane Helge Lund og Eldar Sætre vart i går grilla då Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité heldt høyring. Kritikk har vore retta mot utbetalingar til «sosiale prosjekt» i landet og til eit teknologisenter som aldri vart noko av. Lund stod fast på at Statoil gjorde grundige vurderingar. – Den juridiske vurderinga var klar. Dette kunne gjennomførast på ein forsvarleg måte i samsvar med antikorrupsjonslovgivinga. Men Lund innrømte likevel at Statoil kunne ha gjort meir for å sikre kontroll og oppfølging. Sætre sa at Equinor «i dag ikkje ville ha inngått tilsvarande avtalar». ©NPK