B for bokfilmatisering
«H for Happy» slit med å gjera sine karikaturar emosjonelt engasjerande.

(H is for Happiness, Australia, 2019)
Regi: John Sheedy.
Manus: Lisa Hoppe, basert på Barry Jonsbergs barnebok «My Life as an Alphabet».
Med: Miriam Margolyes, Daisy Axon, Wesley Patten, Alessandra Tognini, Emma Booth, Richard Roxburgh, Joel Jackson.
Aldersgrense: 9 år.
Lengde: 1 t. 43 min.
Vist på: Opne kinoar.
Barnebøker med ein viss suksess har alltid ein sjanse – eller ein risiko, alt etter som ein ser det – til å bli filmatiserte. Barry Johnsbergs prislønte roman «My Life as an Alphabet» er ein av mange. Johnsberg sjølv er blant mange britiske lærarar som med hell har vorte barne- og ungdomsbokforfattar. Yrkesovergangen fall saman med ei flytting til Australia, men ein kan (i alle fall ut frå filmen) ana at han har tatt med seg sine litterære forbilde frå fødelandet. Det er fleire element som minner om Roald Dahl i Jonsbergs lett karikerte univers av både trugande og fråverande vaksne, og barn som er utstøytte frå fellesskapen.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent