FRITT FRAM: Taxiorganisasjonar meiner det er ei varsla katastrofe at sjåførar ikkje har ei løn å leve av. Dei varslar at det går mot lausarbeidartilstandar.
Yrkestrafikkforbundet (YTF), som organiserer taxisjåførar, ønskjer taxireforma reversert og håpar partia snur. Generalsekretær Trond Jensrud meiner det er fullt mogleg å snu om på reforma som vart innført 1. november i fjor.